
Som ein del av Toril Johannessens utstilling «Avskrekking og beroligelse» inviterer Bergen Kunsthall til ein forteljarkveld. Uttrykket «å møte seg sjølv i døra» tyder til vanleg å konfrontere eller oppleve konsekvensane av eigne handlingar og haldningar på ein direkte måte. Det kan indikere ein situasjon der nokon blir konfrontert med eige hykleri eller dobbeltmoral, eller at du står overfor uventa utfordringar eller problem som du sjølv er årsak til. Å endre ståstad eller meining er sjeldan behageleg eller enkelt. I politikken kan det verke som det skjer dagleg, der handlingar og oppfatningar ikkje samsvarar med prinsippa eller verdiane ein hevdar å følge. Å adressere dobbeltmoral er også avgjørende for å oppretthalde effektivt og tillitsfullt diplomati og forhandlingsklima. Men konfrontasjonen med deg sjølv kan like gjerne oppstå i dagligdagse situasjonar, eksempelvis i barneoppdraginga, i arbeidslivet eller i forsøk på å leve etter miljøvennlege prinsipp.
Forteljarkvelden finn stad i Sal I på Bergen Kunsthall, blant verka som er ein del av Torils Johannessens Festspelutstilling.
Velkommen til ein forteljarkveld der vanlege folk fortel historier frå sitt eige liv, akkompagnert av levande musikk frå Annlaug Børsheim.
Børsheim er musikar og låtskrivar med bakgrunn i norsk folkemusikk. Instrumenta hennar er hardingfele og fele, ulike gitarar og song. Spelar med Frode Grytten Beat Band, Pedro Carmona-Alvarez m fl.
Vibeke Flesland Havre er kurator og vert for kvelden.
Forteljarar er m. a.
- Jan Kåre Breivik – frå Gildeskål i Nordland. Underviser ved Nord Universitet i Bodø. Fortel om korleis forholdet hans til NATO plutseleg har endra seg.
- Hannah Olsen – frå Sotra. Gjekk musikklinja på Langhaugen, deretter på folkehøgskule. Fortel om å være fanga i andre sine forventningar, samtidig som ho innser at ho utset andre for det same.
- Vegard Sandnes Larsen – frå Fredrikstad. Har valt å leve utanfor samfunnet store delar av livet. Fekk MS i voksen alder, og er no fullstendig avhengig av samfunnet.
- Klaus Jørgensen – frå Bergen – reiste i militæret og forelska seg i eit gammalt piano – utdanna seg til pianist i Wien, og har levd der store delar av livet.
Vibeke Flesland Havre (f. 1974) er teatervitar og skodespelar. Hun har jobba med ei rekke forskjellige teaterkompani i England, Spania, USA og Norge. Sidan 2014 har hun vore kunstnarisk leier for Bergen Borgerscene.
Det Vestnorske Teateret er regionteater for Vestland fylke, og vart etablert i 1988. Teateret spelar på nynorsk og dialekt.
Arrangementet er støtta av Bergen kommune.