Playdate
Cortex og Hedvig Mollestad
20:00

6. mars kan du høyra fem fantastiske jazzmusikarar i eit samarbeidsprosjekt som vart spelt første gong på Moldejazz i fjor, når Hedvig Mollestad var deira artist in residence.

HEDVIG MOLLESTAD gitar
THOMAS JOHANSSON trompet
KRISTOFFER BERRE ALBERTS saksofonar
OLA HØYER bass
DAG ERIK KNEDAL ANDERSEN trommer

Cortex er ein energisk kvartett grunnlagd av Thomas Johansson i 2007, med originale komposisjonar, vekt på dynamikk, groove, interaksjon og sjangermiks. Bandet speler beintøff jazz med frie rammer, men med solide melodiske og rytmiske element, og musikarane deler ein felles musikalsk plattform i amerikansk avantgardejazz frå 60- og 70-talet – Don Cherry er eit referansepunkt, men dette er musikarar som også høyrer på Dave Douglas og John Zorn. Cortex er eit brennheitt kollektiv med usedvanlege solistar anten dei speler i eit vanvitig tempo eller tar dynamikken heilt ned i det sarte og vare.

Med seg har dei med seg den moderne nasjonalskatten Hedvig Mollestad – jazzgitaristen ein stad mellom Terje Rypdal og Iron Maiden — som både bidrar med heftige riff og lange linjer. Mollestad sjølv var elev hjå Jon Eberson og dukkar gjerne opp i bandet til Bernhoft, og innimellom med Jon Balke, Trondheim Jazzorkester og Hilde Kjersem. Undervegs har ho laga tingingsverk til Vossa Jazz og Parken i Ålesund, samt vore Artist in Resident på Moldejazz. Ho har vunne Årets Unge Jazztalent, Musikerprisen til Kongsbergjazz og Spellemann for albumet Ekhidna. Saman med Cortex lagar ho energimusikk som får kroppen til å riste av fryd.

6/3: Playdate, BERGEN – 7/3: Vangen Pling Plong, HAUGESUND – 8/3: 100 Dagar / Stord Jazzklubb STORD – 9/3 Husnes Jazzklubb, HUSNES – 10/3 Sogndal Kulturhus, SOGNDAL

Turneen er ein del av Vestnorsk Jazzsenter si turné-ordning, Den Musikalske Stamvegen. Ordninga står for 40-40 konsertar i året. Sidan oppstarten har snautt 200 musikere spelt på Stamvegen. Hovudsakleg musikarar som er busette i vår region.

Dørene åpner: 20:00
Pris: 100,- / 200,-

Billetter