
Stein Urheim gjer først eit solosett, der han han spelar akustisk gitarmusikk frå sitt nye album Simple Pieces & Paper Cut-outs.
Skarbø Skulekorps debuterte i september, og gjer ein etterlengta konsert i Bergen denne kvelden. Musikk så full av referanser at det ikkje gir meining å prøve å beskrive. Eller som Electronic Sound (UK) skreiv: “Fusion from another dimension or sheer mischief, ‘Skarbø Skulekorps’ is an unpredictable delight.”
Eirik Hegdal: C Melody sax, klarinett / Signe Emmeluth: altsax, elektronikk / Stian Omenås: trompet / Anja Lauvdal: synth, orgel / Øyvind Blomstrøm: pedal steel, gitar / Chris Holm: bass, synth / Øyvind Skarbø: trommer, banjo