TROLLOFONEN

Også i 2005 samarbeider Bergen Kunsthall med Trollofonen på Landmark. Trollofonen er initert av Nicholas H. Møllerhaug og Espen Sommer Eide.

Trass bybanebråk kan ein stole på Trollofonen. Som vanleg tråklar Trollofonen oppetter fjellsida frå Strandkaien til Birkelundstoppen og tilbake igjen. Gode gamle Skoda 9Tr frå 1972 er solist medan akkompagnatør er dei beste elektronika artistane frå inn- og utland.
Heile 13 trollofonar har blitt urframførde under Festspillene dei siste åra. I 2005 er det på ny ein unik moglegheit til å vere med på elektronisk musikkhistorie i Bergen.

PILOTA ARKIVSIRKUS

Etter kvar Trollofon blir det klubb Pilota på Landmark. Desse klubbkveldane har etterkvart blitt ein viktig del av Trollofonen. Ikkje minst er det fordi den eklektiske klubbprofilen gjer kvar klubb
Pilota-kveld til ein perfekt kveld på byen.
I 2005 går dessutan klubbkveldane gjennom ein transformasjon. Ikkje berre kjem supre elektronikaartistar for å spele. Trollofonen inviterar også samlarar og arkivarar frå inn og utland til å presentere sine arkivyndlingar.

Nicholas H. Møllerhaug

Trollofonen er endel av Festspillene i Bergens konsertarrangementer.

DATO: 27. – 29. mai 2005