Playdate: CRAB IS CRAP M/STÅLE STORLØKKEN
20:00

Billetter: 80,- / 50,-

CRAB IS CRAP M/STÅLE STORLØKKEN
Øyvind Hegg-Lunde
Øyvind Skarbø
Ståle Storløkken

“Crab is Crap var opprinnelig tufta på idéen om at det kanskje kunne lagast fin musikk med kun to trommesett. Resultatet blei veldig varierande; stygt, sangbart, dronete, eksperimentelt, dansbart, i det heile tatt; det meste den musikalske uttrykkspaletten har å by på.

Bandet består av Øyvind mørk og Øyvind lys, folkeregistrerte som Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde, lettast adskilt gjennom fargen på hårmanken. Begge er kjende frå ein rekke konstellasjonar innanfor det improviserte landskapet, med utgangspunkt i at alt kan skje, og der normer og reglar vert høfleg og respektfullt oppheva.

For anledninga har dei med seg gjest som er med og utvider duoen til trio-format. Tidlegare har Håkon Kornstad og Kjetil Møster vore med på ein rekke konsertar. Denne gongen er altså Ståle Storløkken med i den improvisatoriske verdnen til Crab is Crap. Trioen spelt debutkonserten sin ved Nattajazz i 2013, og gjekk samtidig i studio og spelte inn sin fyrste fullengdar som kjem ut på våren”

Vel møtt!

WOH! Det blir en heidundranes aften torsdag 27.februar når Bergens favorittrommiser gjester Playdate med selveste Ståle Storløkken!