Å møte seg sjølv i døra
18:00

Toril Johannessen, Colloquial place names linked to military activity, 2022/2024 (detail). Photo: Toril Johannessen

Som ein del av Toril Johannessens utstilling «Avskrekking og beroligelse» inviterer Bergen Kunsthall til ein forteljarkveld. Uttrykket «å møte seg sjølv i døra» tyder til vanleg å konfrontere eller oppleve konsekvensane av eigne handlingar og haldningar på ein direkte måte. Det kan indikere ein situasjon der nokon blir konfrontert med eige hykleri eller dobbeltmoral, eller at du står overfor uventa utfordringar eller problem som du sjølv er årsak til. Å endre ståstad eller meining er sjeldan behageleg eller enkelt. I politikken kan det verke som det skjer dagleg, der handlingar og oppfatningar ikkje samsvarar med prinsippa eller verdiane ein hevdar å følge. Å adressere dobbeltmoral er også avgjørende for å oppretthalde effektivt og tillitsfullt diplomati og forhandlingsklima. Men konfrontasjonen med deg sjølv kan like gjerne oppstå i dagligdagse situasjonar, eksempelvis i barneoppdraginga, i arbeidslivet eller i forsøk på å leve etter miljøvennlege prinsipp.

Forteljarkvelden finn stad i Sal I på Bergen Kunsthall, blant verka som er ein del av Torils Johannessens Festspelutstilling.

Forteljarkvelden vil tonesetjas av Annlaug Børsheim. Børsheim er musiker og låtskrivar med bakgrunn i norsk folkemusikk. Instrumenta hennar er hardingfele og fele, ulike gitarar og song.

Vibeke Flesland Havre kuraterer kvelden og vil i forkant skipa til ein forteljarverkstad, måndag 17. juni kl. 18:00 på Det Vestnorske Teateret. Arrangementet er eit samarbeid med Det Vestnorske Teateret, og blir gjenopptatt i kulturbaren Skifte på Det Vestnorske Teateret torsdag 22. august.

Vibeke Flesland Havre (f. 1974) er teatervitar og skodespelar. Hun har jobba med ei rekke forskjellige teaterkompani i England, Spania, USA og Norge. Sidan 2014 har hun vore kunstnarisk leier for Bergen Borgerscene.

Det Vestnorske Teateret er regionteater for Vestland fylke, og vart etablert i 1988. Teateret spelar på nynorsk og dialekt.

Arrangementet er støtta av Bergen kommune.

18:00
Sal I
Gratis

Related