Søk
Arrangementer
Bergen Mega Dance 2   Landmark  Klubb


Fredag 6. mai er det duka for BERGEN MEGA DANCE 2! NY BESETNING! NYE HITS! MASSE STROBE!!
Billetter: 150,-

Under mottoet “Party Like It’s 1993”, forente vi i fjor ulike fraksjonar i Bergens musikkmiljø, fylte Landmark til randen, og presenterte vår personlige hyllest til Eurodance-sjangeren og glansåra 1992/1993. Vi snakkar live-versjonar av Snap, La Bouche, DJ Bobo, you name it.

I fjor uttalte vi i eit intervju med Natt& Dag at ved å jobbe med dette materialet så fikk vi ein fornya respekt for sjangeren; mange av arrangementa var langt meir avanserte enn vi hadde trudd, og musikken er sjukt fengande. I år trekk vi denne uttalelsen tilbake. Vi har valgt ut nesten utelukkande drittmusikk. Men vi kan ikkje undertrykke det faktum at dette er ein sentral del av oppveksten til både oss og mange med oss. Derfor trur vi at Bergen Mega Dance 2 skal bli ein minst like stor suksess som i fjor.

Bandet er:
Ingrid Mjanger Molde (Ophelia Hope) – vokal Irem Müftüoglu (MOI) – vokal Geir Hermansen (New Wine) – synth Anders Bitustøyl (Bitu&The Bandits) – bass Hans-Olav Molde (HP Gundersen) – synth Øyvind Skarbø (Hordaland 80) – trommer

Før og etter konserten spelar Rudi (Kafé Knøderen) plater med barndomskompisen sin. Dei var autentiske DJs i Loddefjord tidleg på 90-talet, og kompisen til Rudi har ALLE Mega Dance-platene!

Til toppen