Søk
Arrangementer
Digitalo   Landmark  Klubb


Landmark 10 år: Digitalo i jubileumsåret til Landmark, med klassisk oppskrift: Skatebård & Balthazar spelar italo disco, hi-nrg og synthpop!
Bård (Skatebård) og Vegard (Balthazar) begynte seint på hausten i 2005 å arrangere klubbkvelden Digitalo, der dei ville fokusere på å spele reindyrka syntetisk musikk, helst rundtomkring sjangrane italo disco og synthpop. Gjennom storheitstida i 2006 og 2007 var det Digitalo ein gang i månaden på Landmark, og denne klubbkvelden hadde ei fast kjerne av tilhengarar som gledde seg i vekesvis før kvar kveld. I tillegg kom det fleire og fleire nysgjerrige innom, så lokalet var ofte stappa på grensa til det forsvarlege. Temperaturen var høg, målbar både med termometer og hjernebølgescanning. Denne teksten er god, det høyrest ut som eg snakkar om korleis det var med jazz og rock'n'roll på lokalet ein gong i vår fjerne ungdomstid. Men det er nok sant at det kan kjennast litt slik. Allereie er desse nettene opphøgde i nostalgiens skinn til heilage synthologi-eksessar i neonfarga lysskjær.

Landmark fyller 10 år i oktober 2011. I forbindelse med dette blir det gjensyn med legendariske og viktige arrangementer gjennom hele året. Først ut er den legendariske klubben Digitalo.

Til toppen