Søk
Arrangementer
Kurt Johannessen presenterer nye bøker   Landmark  Klubb


Kurt Johannessen presenterer 3 nye bøker på Landmark: "den andre hendinga", "Og O", "Det", med eit absolutt urettferdig fokus på boka "Den andre hendinga"
Om "Den andre hendinga":

Boka tek før seg førebuingane til eit kaffiselskap. Nokon har handla inn sukker. Ulike aktørar skal plasserast på bordet. Gullerotkaka skal ut av omnen. Kaffien skal inn på bordet, men vil ikkje. Øvst på bokhylla er ei gul badeand med ei dundrande hovudpine. Av ukjente grunnar er ho i tillegg plassert opp ned. Støvet på den same bokhylla er på kanten til eit vitskapleg gjennombrot. Situasjonen i kjøleskåpet er kritisk, eller ikkje. Pakka med Knekkebrød lir. Lysestaken vil helst ikkje fortelje heile sanninga. Fysikkboka har høgdeskrekk. På salongbordet sit ein frosk og fylgjer med på det heile, og sjølvsagt sit det ei fluge i taket. Boka er delt inn i tre kapittel; Før, Etter og Sukkerkornet. Boka er på eit vis ein oppfylgjar til Hendinga. Men no er det ikkje ein kriminalsak det er snakk om. Boka er rikt illustrert med om lag 100 teikningar.

For meir info om bøkene sjå www.zeth.no

Til toppen