Søk
Arrangementer
BERGEN MEGA DANCE   Landmark  Klubb


Under mottoet “Tonite We’re Gonna Party Like It’s 1993” får du anledning til å møte ungdomstida di ansikt til ansikt. Den 27. mars samlast nemlig ei rekke musikarar frå Bergen sitt mangfoldige musikkmiljø under èi felles fane: 90-talets dance music!!
Jada, vi snakkar DJ Bobo, vi snakkar Haddaway, Snap, Faithless og mykje meir!

Eit liveband beståande av Geir Hermansen (New Wine), Anders Bitustøyl (Ylvis), Hans-Olav Molde (Nese Rastafari) og Øyvind Skarbø (Øyvind Jazzforum) står for smidige syntharpeggioar og tight basstrommedunking, og covrar alt du dansa til på disko. Og til å synge? Kvifor ikkje kremen av vokalistar i Bergen:

TIM TYGG (a.k.a. MARI KVIEN BRUNVOLL & JOHANNE BIRKELAND)

TINE TAULE

POLKABJØRN

KINE NESHEIM

INGRID MJANGER

Og som om ikkje det var nok:

DJ IBEN ELSTER spelar opp før og etter, BERGENSBATTERISTANE, kanskje ein av dei mest spennande trommesettkvartetten i Bergen for øyeblikket, leverer eit heilt unikt ELECTRO EDITION-bestillingverk, og vi leverer det sprekaste lysshowet Landmark har sett.

Kjenn di besøkelsestid, fyr opp lightsticksa og kom. Alle andre skal.

Billetter: 100,-

Til toppen