Søk
Arrangementer
Øyvind Jazzforum 2009   Landmark  Klubb


Det er duka for årets Øyvind Jazzforum! Svært sannsynlig det siste i rekka. Eg trur faktisk at det blir betre enn nokon sinne.
Hurtigversjonen av programmet ser slik ut (meir detaljert lenger ned):
PAMELIA KURSTIN (us) og MARIA LAURETTE FRIIS (dk) Theremin og skjønnsang (Maria var med i Tys Tys).
MAGDA MAYAS (de) / TONY BUCK (aus) M.M. spelar hovudsakleg inni flygelet. Tony er undergrunnstrommehelt med The Necks.
KIM JOHANESSEN (n) Solo gitar i Oren Ambarchi-land.
NOISEGARDEN (n) Public Enema (John Hegre, Nils Are Drønen) med eit stort antall barnehagebarn. Gratis formiddagskonsert.

NOISEGARDEN (N) Public Enema med barn kastar loss John Hegre: gitar / Nils Are Drønen: trommer / 10-15 barnehagebarn: el.trommer, gitar, vokal, perkusjon Dagen opnar med ein gratiskonsert for born og vaksne på Landmark kl. 13. John Hegre og Nils Are Drønen, eller Public Enema som dei kallar seg, er to til dels gøymde skattar i Bergens kulturliv. John har ei svært høg stjerne internasjonalt som støy/impro-gitarist (og -knusar), med ei lang liste samarbeidspartnarar – Jazkamer, med Lasse Marhaug, er kanskje det mest kjente for oss her heime. Nils Are er, i tillegg til å vere med Jazkamer verda rundt, for innvidde kjent for kreativ tromming med band som Trio GUD og St.Satan. Våren 2009 har John og Nils Are gjennomført eit stort musikkprosjekt der dei har reist rundt i ulike barnehagar i Bergen, og invitert/utfordra borna til å bli med på musikalsk leik gjennom improvisasjon. Resultatet har dei spela inn, med tanke på ei kommande plate. På Landmark denne formiddagen får alle som vil ein svært sjeldan sjanse til å oppleve dette prosjektet live. MAGDA MAYAS /

TONY BUCK DUO (DE/AUS) Ekstremt fascinerande og personlig duo Magda Mayas: piano / Tony Buck: trommer Tyske Magda Mayas og australske Tony Buck er begge to blant dei mest ettertrakta musikararne i det ekstremt vitale impromiljøet i Berlin. Saman slapp dei rett før jul den første plata som duo, Gold, på selskapet Creative Sources. Mayas er eit førebilde for mange, då ho er ei av få unge kvinner som har hevda seg i eit mannsdominert miljø. Etter å ha teke hovudfag i pianospelet til frijazz-gudfar Cecil Taylor, har ho skapt ein heilt særegen perkussiv stil der spelinga i hovudsak foregår inne i flygelet; instrumentet vert omskapt til ei gigantisk harpe, eller ein perkusjonsrigg, alt etter som ho slår, skrapar eller plukker på strengane og ramma. Tony Buck er ein ettertrakta medspelar i det europeiske jazz og impromiljøet etter at han flytta til Amsterdam og seinare Berlin på slutten av 90-talet. Han har fleire improviserte soloplater på samvittigheita, samstundes som han hentar inspirasjon frå rock, soul og reggae. Mest kjend er han kanskje for den australske trioen The Necks, som har eksistert i over 20 år. Kultgruppa, som er kjend for sine timeslange låtar som utviklar seg sakte og sug publikun inn i opplevelsen, har ein stor tilhengerskare i Australia, Europa og USA, der dei opptrer på store popfestivalar. Duoen leverer veldig interessant og personleg musikk. At dei to også er partnarar privat gjer sitt til at kommunikasjonen vert ekstra nær. “The context within which they played the sounds made the narrative difference between delicate and violent absolutely apparent and meaningful. A taut, highly successful combo.“ Konfrontationen/Andrew Choate

KIM JOHANNESSEN (N) Substans frå kommande stjerne Kim Johannessen: gitar, effekter Likte du Oren Ambarchi, eller kunne ikkje gå den kvelden? Prøv Kim Johannesen i staden. Han har markert seg som ein av dei mest lovande og aktive musikarane i den norske jazz/impro-floraen. Duoen han har med trommeslager Fredrik Kirkevold leverer energisk frirock, og fekk ein plass i Jazzintro-finalen som belønning for arbeidet dei har lagt ned. Han har vorte plukka opp av Petter Wettre og spelar i kvartetten hans, samt den nye trioen med Paolo Vinaccia. Han spelar melodisk, svært reflektert og modent i jazztrioen Johannesen::Furu::Sandbakken. I tillegg held han altså solokonsertar. Med gitaren fortrinnsvis liggande framfor seg, utnytter Kim seg av alt ein skulle tru at ein gitar var god for, og enda litt til. Vifter, effektboksar, trommestikker med meir vert brukt til å skape ei drømmande, suggererande stemning. Den sært godt utvikla formsansen hans gjer at dette aldri vert kjedelig.

MARIA LAURETTE FRIIS / PAMELIA KURSTIN (DK/US) Skjønnsang og theremin Maria Laurette Friis: vokal, gitar / Pamelia Kurstin: theremin Til å avslutte kvelden får du høyre noko verkeleg spesielt: den bergtakande duoen til danske Maria og amerikansk-fillipinske Pamelia. Kva kan ein vente seg når ei av Europas mest gripande sangerinner, bestemmer seg for å lage musikk med ein av verdas leiiande på det mildt sagt eksentriske instrumentet theremin? Eg veit ikkje heilt, berre er overbevist om at det blir veldig, veldig bra! Maria Laurette-Friis er det mange som kjenner frå kultbandet Tys Tys, eit band ho både skreiv musikken og tekstane til. Pamelia Kurstin er heilt unik i si eksperimentelle tilnærming til theremin, eit av dei aller første elektroniske instrumenta (1919). Jada, det er det instrumentet der utøvaren står og veivar med armane i lufta, og ut kjem skummel, tilfeldig sci-fi-lyd. Med mindre du heiter Pamelia Kurstin. Ho har mellom anna jobba saman med Ulver og amerikanske Barbez. Både Maria og Pamelia bur i København.

Arrangementet er eit samarbeid med Utmark og Ny Musikk, og er for øvrig støtta av Bergen kommune og Norsk jazzforum. Beste helsing Øyvind

Billetter: 100 kroner (50,- for medlemmar i NyMusikk).
Dagskonserten med Noisegarden er gratis.


Til toppen