Søk
Arrangementer
1. mai fest!   Landmark  Klubb


Latin-Amerikagruppa, Zapatistgruppa og det feministiske tidsskriftet Fett førebur tradisjonen tru solidaritetsfest i Bergen 1 mai. Live konsert med: Movits (SE) + Razika (NOR).

Movits (Norrbottens län, Sverige)
Korleis overgå fjordårets dansegolvsuksess med svenske Kultiration? Me kan røpe at i år vert det dansa til musikk i 4/4-takt. Deretter går grunnstega over 4, 6 eller 8 slag, dvs. 1, 1½ eller 2 takter i musikken. Om det ikkje seier deg noko får du sjekke lenkja til bandet, og ta pa’re dansskorna!

Razika (Møllaren)
7″ tommaren deira, “Razika”, var til sals før dei fire jentene i bandet var gamle nok til å kjøpe øl. Dette er indieskapunk med guts! Er du frå Oslo kjem du til å snakke om ny bergensbølgje når du kjem heim.

Terje Nordby fra Mytekalenderen kommer for å underholde med deilig og viktig informasjon

Dj Jon Smør fra Soul Shack, Helgen fra Novelty Sounds og Kristoffer Helgesen fra Hestejazz speler soul og dansbar revolusjonær musikk.

I tillegg vert det vert tale for dagen, god drikke og dansing til langt på natt. Infobutikk med sal av revolusjonær kaffi og propaganda.

Til toppen