Søk
Arrangement
Dumpster Divas Konsert   Landmark  Konsert


Aldersgrense 20 år.

Døren åpnar: 2100
Konsertstart: 2200

CC student 100,-
CC ordinær 150,-

Dumpster Divas er ein duo beståande av to samfunnsengasjerte damer som ynskjer å gjere verda til ein betre plass – både for dyr og menneske. Helle og Trine møttes for fyrste gong hausten 2015, og etter dette har dei spelt i lag. Bandnamnet blei til for å inspirere andre menneske, og ikkje minst butikkane, til å gjere nytte av den fullgode maten som vert kasta.

Det meste av musikken dei speler er eigenkomponert, men dei speler òg nokre låter av menneske dei ser opp til.
Sjangeren dei speler kan seiast å kome innunder båe americana, folk og singer/songwriter-stilen.

Dumpster Divas har spelt på ein rekke arrangement som til dømes Trollrock, Raftopriskonferansen, Fryktlausfestivalen, Indiefjord og Nasjonalparkfestivalen.

1. februar står dei på scenen på Landmark, klare for å gje publikum ein kveld dei seint vil gløyme.

Oppvarmingen blir kortfilm med performancekunst laga av Kjersti Urne.

Du kan høre meir frå bandet ved å følgje linkene under:

Spotify https://open.spotify.com/artist/3d4VATTVflTokmfRugXmg5?si=RRaBGdZTTBCowxANn72QQQ

Instagram: dumpsterdivasband

www.dumpsterdivas.no

Til toppen