Søk
Arrangementer
Besteforeldrenes klimaaksjon: – Korleis sikrar styresmaktene livsgrunnlaget for akvatiske økoystem?   Upstairs  Forelesning


Eit foredrag om grunnlova § 112 og miljølovgjevingstiltak av Sigrid Eskeland Schütz, professor ved UiB.
Vi likar å sjå på våre fersk- og kystvatn som reine og urørte, men forureining, kraftverksutbygging, fiskeoppdrett, planlagde sjødeponi og annan aktivitet legg press på ressursane. Endatil tiltak med klimaføremål, som flaumsikring av elvar, kan leggje press på levevilkåra i elva. Grunnlova § 112 slår fast grunnsetningar om at alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag.

Samstundes er det eit krav at statlege styresmakter skal setje i verk tiltak som gjennomfører grunnsetningane. Kva gjer norske styresmakter for å sikre seg oversyn over det samla presset på akvatiske økosystem? Kva er dei sentrale rettslege grepa som vert nytta for å motverke forureining og tiltak som ytterlegare forverrar den økologiske tilstanden?

Sigrid Eskeland Schütz er professor ved Det juridiske fakultet i Bergen og arbeider med miljørett. Ho leiar forskargruppa for Naturressurs-, miljø- og utviklingsrett ved fakultetet. Schütz har tidlegare vore domarfullmektig i Sunnhordland og m.a. medlem av ”Miljøgiftsutvalget”: Innstilling lagt fram i NOU 2010: 9 «Et Norge uten miljøgifter».

Dato: 21. januar 2016 kl. 1800-2000

Arrangementet er åpent for alle interesserte - gratis adgang.

Til toppen