Søk
Arrangementer
Ny Musikk Bergen presenterer   Landmark  Klubb


RUST
Billetter: 80,- / gratis for medlemmar.

Jean-François Laporte – computer,
Benjamin Thigpen – heimebygde akustiske instrument.

Ved nærare undersøking av eit rusta jernstykke, vil ein legge merke til rikdomen og nyansane i fargar, tekstur og former som vert avdekka under oksidasjonsprosessen. Støyduoen Rust tek utgangspunkt i denne spontane naturlege venleiken som veks fram i forfallet til menneskeskapte konstruksjonar.

Rust består av Jean-François Laporte og Benjamin Thigpen. Sidan 2013, har duoen utvikla instrument ved bruk av varierte konfigurasjonar av preparerte piezoelektriske element, akustisk feedback, vibrerande objekt og datamaskiner. Instrumenta inntek eit område på randen av menneskeleg kontroll – og beheld, trass i det ekstremt raffinerte, naturprosessane sine primitive organiske element.

Ny Musikk Bergen ønskjer velkommen til ei fysisk lytteoppleving med ein kveld fylt med fargerik støy og lydnyansar der kompleks polyfoni vil vekse fram frå ei lydverd i konstant utvikling. Vel møtt!


Til toppen