Søk
Arrangementer
Novelty ´Sumar´ Sounds   Landmark  Klubb


60s DANCE BONANZA!
Billetter: 80,-

Etter ein liten dvale har den dynamiske duoen Novelty Sounds! endeleg kome saman igjen.
Dei har brukt nedetida til å hamstre nye låtar og kjem nærmare naturen og sine eigne kjensler. Og alle desse kjenslene tar dei med seg til Landmark Lørdag 02. August og lagar FEST!
Det vert servert gromlåtar fra 50-, 60-, og tidleg 70-tal som perler på ei snor, og som vanleg spelar N.S! for å få alle i lokalet til å danse hemningslaust og meir eller mindre rytmisk.
Dette vert ferien du aldri fekk tid til, tropenatta som aldri kom, og 60-åra du var for ung til å få røyne. Og kven kan vel ønske seg meir?
Gutane i N.S! gler seg valdsamt og vonar at publikum gjer det same. Så ta med deg ein venn eller ein fiende og ta turen du òg. Du kjem ikkje til å angre, såpass kan vi lova.

Kjenslevare helsingar frå:
Helge Kvamme
og
Henrik Svanevik

Til toppen