Søk
Arrangementer
Great Waitress / AMM med Michael Duch   Landmark  Klubb


Første arrangement etter Landmarks jule- og nyttårsferie er med Ny Musikk Bergen og Utmark: Great Waitress / AMM med Michael Duch
Billetter 80,- / Gratis for Bergen Kunsthalls medlemmer, og for medlemmer i Ny Musikk.

Great Waitress består av den australske duoen Monika Brooks og Laura Altman, frå Sydney si eksperimentelle musikkscene, og den Berlin-baserte pianisten Magda Mayas. Improvisasjonstrioen har sidan 2009 spelt ei rekke konsertar i Australia og Europa. Musikken tek utgangspunkt i fjørlette og mjuke lydar som vert vevd saman til eit roleg, men intenst lydbilete. Kontrasten mellom duoen sine utstrakte og statiske varsame lydar og Mayas omfangsrike pianospel, skaper ei dynamisk spenning som driv musikken.

“Fragile and solid at the same time. Like touching the wings of a butterfly, it is almost as risky and daring to listen to this music, as your personal volume and sound could harm what you hear.” (All about jazz)

Magda Mayas – piano
Monika Brooks – trekkspel
Laura Altman – klarinett

AMM er eit banebrytande ensemble som i dag består av duoen Eddie Prevost og John Tilbury, saman med Michael Duch. Ensemblet vart starta i 1965 og debutplata AMMmusic frå året etter er rekna for å vere den første utgjevinga av friimprovisert musikk. Sidan starten har fleire meir eller mindre legendariske musikarar vore innom AMM, så som Keith Rowe, Cornelius Cardew, Christian Wolff og Rohan de Saram.

“The letters AMM stand for something, but as you probably know it’s a secret!” (Keith Rowe)

John Tilbury – piano
Eddie Prevost – slagverk
Michael Duch – kontrabass

Utmark er Bergen Kunsthalls egen konsertserie

Til toppen