Søk
Arrangementer
Plattform: Haegue Yang boklansering   Landmark  Klubb


Plattform presenterar: Haegue Yang boklansering - Dare to Count Phonemes and Graphemes - Haegue Yang i samtale med Kathy Noble
Gratis inngang!

Boka kjem ut i samanheng med Haegue Yang sine to paralelle separatutstillingar hausten 2013: Haegue Yang Journal of Bouba/kiki ved Glasgow Sculpture Studios, Glasgow, Skottland (5. oktober – 20. desember 2013); og Journal of Echomimetic Motions ved Bergen Kunsthall, Bergen, Noreg (18. oktober – 22. desember 2013). Denne nye utgjevinga, Dare to Count Phonemes and Graphemes, spring ut frå eit tett samarbeid mellom desse to utstillingane. Trass i at kvar utstilling kan sjåast på som ein unik manifestasjon av Yang sitt kunstnarskap er dei begge tett vevde saman i nettopp dette kunstnarskapet si kontinuerlege utvikling. Utstillingane er begge typiske eksempel på ei vidareutvikling av kunstnaren sine siste prosjekter og fokuserere på idear om abstraksjon og rørsle. Boka inkluderer nye tekstar av Ute Meta Bauer og Kathy Noble, samt eit intervju med kunstnaren av mellom kuratorane for dei to utstillingane, Steinar Sekkingstad og Kyla McDonald.


Haegue Yang sine arbeider er internasjonalt anerkjende for eit elegant og forførande abstrakt visuelt formspråk, ofte i kombinasjon med sensoriske erfaringsformer. Ho er ein kunstnar som kontinuerleg pressar sine eigne grenser for kunstnarleg praksis, og utforskar stadig nye metodologiar og retningar. Denne tilnærminga hennar er tydeleg i dei to utstillingane hennar i Glasgow Sculpture Studios og Bergen Kunsthall, og i denne nye publikasjonen.

Live stream fra 19:00

Live stream by Ustream

Haegue Yang (1971) er født i Seoul. Ho bur og arbeider i Berlin og Seoul.

Haegue Yang
Dare to Count Phonemes and Graphemes
Publisert av
Bergen Kunsthall, Glasgow Sculpture Studios og Sternberg Press
Med bidrag av Ute Meta Bauer, Kyla McDonald, Kathy Noble, Steinar Sekkingstad og Haegue Yang.
Design Studio Manuel Raeder.
Engelsk

Plattform er Bergen Kunsthalls foredragsserie. Støttet av Fritt Ord.

Til toppen