Søk
Arrangementer
Línt: Slippfest   Landmark  Klubb


Línt leverer framifrå komposisjonar i skjæringspunktet mellom post- og støyrock, med fokus på utfordrande låtar som er både melodiske og dvelande på same tid.
Fredag 10. mai er bandet endeleg klare med sin fyrste utgivelse, når Línt slepp sin debut-EP Klangkollektivet. På 12" vinyl sjølvsagt (og digitalt). Samme dag vert det også storveis sleppfest på Landmark, med ei rekkje kulturelle innslag utover kvelden og natta. Utsillingar, filmvising med Bergen Filmklubb, DJ’s mm.

Línt hentar blant anna inspirasjon frå namn som Godspeed You! Black Emperor, Mogwai og Sigur Rós – men kvintetten beveger seg like ofte langt bort frå sine inspirasjonskjelder, og vidare ut i meir ukjende lydlandskap. Bandet er også velkjend for sine storarta og hypnotiserande konsertar, så alt ligg med andre ord til rette for ein skikkeleg totalkveld på Landmark 10. mai.

PROGRAM:
Dørene opnar 21.00 / Filmstart 21.30
Cc.: 100 ,-

Bergen Filmklubb viser:
«Hiroshima Mon Amour»

DJ’S:
Stocken & Svanen (Club Crocodillo)

Support Art:
Torstein Mills
Espen Cook
Arild Instanes

Línt på:
WiMP: http://wimp.no/wweb/artist/?artist=4762091
Spotify: http://open.spotify.com/track/2lngsZKjiOBbjtCX5fhqJV
Soundcloud: http://soundcloud.com/user2107872
YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=R_mZCn0XHF0

Til toppen