Søk
Arrangementer
Boklansering Kjetil Berge   Landmark  Klubb


"NEARFAR" av Kjetil Berge
Samtale mellom kunstnar Kjetil Berge og journalist Hilde Sandvik.

NEARFAR omhandlar nære relasjonar og tap. Boka tek eit sjølvbiografisk utgangspunkt i eit far-son forhold.
Fotografia er redigerte til sju foto-essay som skildrar mellom-menneskelege tilhøve i to ulike kulturar.

Tekstbidrag av: Tacita Dean (intoduksjon), Angela de la Cruz, Lynne Segal, Else Marie Bukdahl, Tore Rem, Amber Jacobs, Øyvind Stokke, Kristian Skylstad.


NEARFAR er eit fotoprosjekt der personlige erfaringar er dokumentert og redigert for å sei noko om ein allmenn tilstand. Tacita Dean kallar dei i innleinga til boka for iscenesette minne. I ei undersøkjande linje er fotografia sett saman i seriar som fortel om familierelasjonar, samliv, sjukdom, alderdom og tap. Det er foto tekne frå sengekanten under eit sjukehusopphald, familieselskap er dokumentert og dei følgjer far min til han døydde. Fotografia er tekne med ”Nettar”; eit analogt mellomformats kamera i familiens eige i vel 50 år.

Boka er eit sjølstendig verk der eg inviterer til bidrag frå folk som skriv. Dei inviterte er folk eg kjenner, har respekt for eller er nyfiken på i haldningar, erfaringar og arbeidsmetodar. Det er bidrag frå utanriksministeren sin taleskrivar, ein litteraturprofessor og forfattar, ein professor og feministisk filosof og kunstnar kollegaer. Bidraga er skolerte eller personlige tankesprang tenkt å gi perspektiv til det fortrulege i fotografia. Dei gir rom for innspel og tolknng som ligg utanfor eigen erfaring såvel som kunstdiskursen og knyter band mot andre disiplinar.

Boka er publisert av Teknisk Industri AS.


Til toppen