Søk
Arrangementer
Øyvind Jazzforum   Landmark  Klubb


ØYVIND JAZZFORUM PRESENTERER HILMAR JENSSON/ØYVIND SKARBØ DUO + BJØRNAR HABBESTAD SOLO
Billetter: 50,-

Så er endelig Øyvind Jazzforum tilbake på fast basis. Det første av i alt tre konsertar denne våren presenterer den islandske gitaristen Hilmar Jensson i duo med trommeslagar Øyvind Skarbø. Med bakgrunn frå downtown-miljøet i New York har Hilmar vore ein av dei mest unike gitaristane dei siste 20 åra, med ein kombinasjon av røff, smakfull lyd og kompleks teknikk. Øyvind kan vel fortsatt kategoriserast som ung og lovande. Dei har spela saman både som duo og i andre band sidan 2008.

Bjørnar Habbestad er ein leiande karakter både nasjonalt og internasjonalt. Han har lova “bassfløytesurkling i foajéen.” Vi gler oss!

Øyvind Jazzforum har levert musikk du aldri har høyrt før sidan 2006. Arrangementet er støtta av Norsk jazzforum og Norsk kulturråd.

Til toppen