Søk
Arrangementer
Sessions 8   Landmark  Klubb


The Sweetest Thrill + Bergen Impro Storband
Billetter: 50,-

Bergen Impro Storband i samarbeid med Stephan Meidell (gitar) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer) frå The Sweetest Thrill.

Sessions er eit konsept der Stephan og Øyvind inviterer musikarar og kunstnarar til ein open jam/improvisasjon med publikum. Gjestene er gjerne frå ulike kunstneriske miljø, der ein ynskjer å tydleggjere for kvarandre og publikum at det skjer utruleg mykje spennande i denne byen. Kvar session vil vere med ulike gjester, men med duoen The Sweetest Thrill som fast grunnstamme. I nokon tilfeller har konstellasjonen øvd på førehand, medan i andre tilfeller vil fyrste møte vere på scena.

Bergen Impro Storband blei stifta i September 2011 etter initiativ frå John Hegre og Ole Andre Farstad. Impro storbandet ynskjer å samle alle musikarar i Bergen med ein felles interesse for; å prøve ut improvisasjon i forskjellige former, jobbe i prosess og skape ein platform der ein kan forske på forskjellige måter å tilnærme seg improvisasjon i ei stor gruppe, frå det heilt frie, til metodar og teknikkar for å lede og forme det musikalske forløpet. Bergen Impro Storband er allerede blitt ein veletablert konstellasjon på Bergen si musikkscene og har tidlegare gjort konsertar på blant anna BIMF.

The Sweetest Thrill er Stephan Meidell (gitar/vokal) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer/vokal), ein duo som bevegar seg i kryssingspunktet mellom indie, drone og støy.

Sessions nr. 8 presenterer med stoltheit eit fantastisk storband, der alt frå 10 til 30 musikantar og kunstnarar vil vere med å bidra til ein uforutsigbar og sonisk aften!

Konsertstart: Kl. 21.00

Sessions er støtta av Norsk Jazzforum, Norsk Kulturråd og Bergen Kommune

Til toppen