Søk
Arrangementer
Sessions No.5   Landmark  Klubb


John Hegre (Gitar – Jazkamer, Golden Serenades), Jørgen Træen (Gitar/Synth - Sir Dupermann, Golden Serenades) og VJ Birk i samarbeid med Stephan Meidell (gitar) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer) frå The Sweetest Thrill.
Sessions er eit konsept der Stephan og Øyvind inviterer musikarar og kunstnarar til ein open jam/improvisasjon med publikum. Gjestene er gjerne frå ulike kunstneriske miljø, der ein ynskjer å tydleggjere for kvarandre og publikum at det skjer utruleg mykje spennande i denne byen. Kvar session vil vere med ulike gjester, men med duoen The Sweetest Thrill som fast grunnstamme. I nokon tilfeller har konstellasjonen øvd på førehand, medan i andre tilfeller vil fyrste møte vere på scena.

John Hegre er internasjonalt anerkjent som ein av dei fremste utøvarane innanfor improv/støy. Jørgen Træen er kjent for å stå bak nokon av dei fremste albuma i norsk musikk gjennom sitt Duper Studio. VJ Birk er byens, om ikkje landets fremste videosjonglør.

The Sweetest Thrill er Stephan Meidell (gitar/vokal) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer/vokal), ein duo som bevegar seg i kryssingspunktet mellom indie, drone og støy.

“Sessions” nr 5 presenterer med stoltheit tre fantastiske kunstnarar i eit improvisatorisk møte med gitar og trommer.

“Sessions” er støtta av Norsk Jazzforum, Norsk Kulturråd og Bergen Kommune

Til toppen