Søk
Arrangementer
Stanley Brinks & The Kaniks   Landmark  Klubb


Vi følger opp det som forhåpentligvis har vert en fantastisk kveld med en gammel helt på koengen, med å geleide dere inn i de små timer med nye helter.
Dei er ei forrykande nyetablering anno 2010, sett saman av Stanley Brinks (a.k.a. André Herman Dune frå kultbandet Herman Dune) og medlemmar frå Bergen Mandolinband og I Was A King. Dette er ei underlig og uvanleg bra samansetning av filharmonisk søkande sjeler som formidlar vakker, kompromisslaus musikk på tvers av seg sjølv. Dette er antifolkens folkemusikk – eit anti-antifolk manifest!

Musikken har ei solid forankring i dei tidlause, og alltid like fengande, låtane til Stanley Brinks, som lar assosiasjonane vandre hen imot artistar som Leonard Cohen, Bob Dylan, Tom Waits, og sikkert mykje anna rart. Dei særdeles velfunderte tekstane til Brinks’ framført med hans karakteristiske, til tider nesten konverserande, vokal er ein umiskjenneleg signatur. The Kaniks skreddarsyr klangdrakta med si akustiske instrumentering beståande av kontrabass, fele, trombone, banjo, mandolin, baglamas, mandola, munnspel etc., og drar i ein mengde retningar; calypso, bluegrass, folk, jazzimpro, orientalia og elles det dei finn for godt. Konsertane er alltid gjennomsyra av spontan og intuitiv musisering – ein konsert er aldri den same, men alltid den beste!

Med seg har dei også den fantastiske Freschard. Freschard som er fransk, men busett i Berlin, er ein utruleg begava låtskrivar som leverer alt ifrå dei såraste balladar til dei mest sjelesettande hitlåtar som aldri slepp taket. Med sin fengslande originalitet og stemningsmessige spennvidde er musikken hennar er ein absolutt kur mot emosjonell monotoni!

The Kaniks består av Olav Christer Rossebø, Erlend Aasland, Kjetil Olai Lundø, Ståle Holgersen og Ingemund Th. Askeland. Saman med Stanley Brinks dannar dei altså dette fantastiske bandet Stanley Brinks & The Kaniks, som blei til i form av ei spontanmusikalsk fusjonering i dei seine nattestimar, bak ei kyrkje, under fjorårets Egersund Visefestival. Den umiddelbart gode kjemien gjorde krav på sin musikalske manifestasjon, og kort tid etter sette Brinks seg ned i sitt berlinske ørnereir og klekka ut tretten magiske låtar for The Kaniks. Då Frode Strømstad i I Was A King og Hype City Records fekk vite om dette var han snar med å tilby den perfekte ramma for plateinnspeling – på Eigerøy Fyr, i havgapet utanfor Egersund, blei låtane lært, jamma og spelt inn live i løpet av ei sein, vindfull oktoberhelg. Resultatet blei det særdeles stemningsfulle albumet “Jamaica Inn” som vert lansert på Hype City Records 17. juni.

Til toppen