Søk
Arrangementer
Sessions Nr. 2   Landmark  Klubb


Guro Rimeslåtten og Ole Martin Meland frå Carte Blanche i samarbeid med Stephan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde frå The Sweetest Thrill.

Billetter: 50,-

Sessions er eit konsept der Stephan og Øyvind inviterer musikarar og kunstnarar til ein open jam/improvisasjon med publikum.
Gjestene er gjerne frå ulike kunstneriske miljø, der ein ynskjer å tydleggjere for kvarandre og publikum at det skjer utruleg mykje spennande i denne byen. Kvar session vil vere med ulike gjester, men med duoen The Sweetest Thrill som fast grunnstamme. I nokon tilfeller har konstellasjonen øvd på førehand, medan i andre tilfeller vil fyrste møte vere på scena.

Guro Rimeslåtten har vore frilansdansar sidan 2002, og har blant anna samarbeida med Masja Abrahamsen, Cristopher Arouni og Emila Adelöw. Guro var ein viktig del i Carte Blanche sin fantastiske dobbeltforestillingen SH:HO og har siden då vore ein fast del av kompaniet.

Ole Martin Meland var fyrst tilknytta Oslo Danseensemble før han tiltrådte i Carte Blanche i 2006. Ole Martin har vore ein viktig del i blant anna forestillingane UMA, Alibi og When Clarity Visits, der han samarbeida med Örjan Andersson, Eva-Cecilie Richardssen og Club Guy & Roni. I 2010 fekk han Carte Blanche Venneforeningsstipend for innsatsen i kompaniet.

The Sweetest Thrill er Stephan Meidell (gitar/vokal) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer/vokal), ein duo som bevegar seg i kryssingspunktet mellom indie, drone og støy.

"Sessions" nr 2 presenterer med stoltheit to fantastiske dansarar i eit improvisatorisk møte med gitar og trommer.

-


"Sessions" er støtta av Norsk Jazzforum

Til toppen