Søk
Arrangementer
Sessions presenterer:   Landmark  Klubb


Richard Myklebust og Njål Clementsen frå The Megaphonic Thrift i samarbeid med Stephan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde frå The Sweetest Thrill.
Billetter: 50,-

"Sessions" er eit månadlig konsept der Stephan og Øyvind inviterer musikarar og kunstnarar frå ulike miljø til ein uhøgtidleg konsert. Brorparten av konsertane denne våren vil finne stad på Landmark.

The Megaphonic Thrift er eit av Noregs desidert mest spennande band om dagen, og Richard Myklebust (gitar/vokal) og Njål Clementsen (gitar) utgjer halvparten av bandet som nyleg slapp sitt andre album "Decay Decoy".

The Sweetest Thrill er Stephan Meidell (gitar/vokal) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer/vokal), ein duo som bevegar seg i kryssingspunktet mellom indie, drone og støy, og som tidlegare har gjort fleire konsertar i inn - og utland.

"Sessions" nr 1 byr på eit improvisatorisk møte mellom fire musikarar på ekte rockevis - med eit akseptabelt høgt volumnivå og ein vegg av gitarar og trommer.

Til toppen