Søk
Arrangement
På vippen: 2020 – tiåret for handling Klimafestivalen §112   Landmark  Foredrag


19:00
Gratis
I Erna Solberg sin nyttårstale var klimaendringane eit gjennomgåande tema. Også for ti år sidan var klimaendringar ei viktig del av nyttårstalen til Jens Stoltenberg. I begge finn ein det underliggande spørsmålet «kva skal me leve av etter olja»?

I tida mellom dei to nyårstalane er oppfattinga av klimaendringar gått frå noko diffust i framtida, til klimaendringar som er her og no. I løpet av det siste tiåret har ekstremvær vorte vanleg, både i ordbruk og som fenomen.

2020 markerer starten på eit avgjerande tiår. I løpet av desse ti åra må Noreg og verda sjå ei markant omstilling av samfunnet, med omfattande kutt i karbonutslepp om me skal ha sjanse til å nå måla i Parisavtalen.

Programmet vert opna av to foredrag frå professor Asgeir Sorteberg ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret, og Lars Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar for Norsk klimastiftelse.

Programmet avsluttast med ein paneldebatt om det komande tiåret.

Til toppen