Søk
Utstillinger
Fakultet for kunst, musikk og design, UiB Masterutstillingen i kunst 2017: triage Velkommen til årets Masterutstilling i kunst: triage. 26 deltakande kunstnerar frå 10 ulike land har skapa ei utstilling med stor variasjon av uttrykk, og gjer seg nytte av material som strekk seg frå sukkertøy til radiobølgjer.

Opning
Fredag 7. april kl 20.00
Gratis inngang under opninga frå 20.00 - 22.00

Omsyningar
Kvar sundag kl 14.00
6. april kl 18.00 for medlemmer
9. april kl 13.00 for barnefamiliar

Med:
Andreas Dyrdal, Arild Våge Berge, Aski Dahl, Aurora Solberg, Diva Helmy, Elias Björn, Erin Sexton, Henning Klungtvedt, Icaro Zorbar, Ingrid Bjørnseth, Kamilla Langeland, Lorie Ballage, Louise Butler, Malin Overholth, Mari Norddahl, Michelle M. Sparks, Nuri Sakong, Sara Kollstrøm Heilevang, Sjur Eide Aas, Sofia Magdalena Eliasson, Taru Kallio, Tia Casper, Tova Fransson, Vilde Løwenborg Blom, Yanyi Cao, Åsne Eldøy

Les meir om utstillinga og kunstnerane på utstillinga si eiga nettside her.

Omgrepet triage tyder 'sortering' og har sitt opphav frå medisinsk terminologi. I praksis tyder det ei rekkefølgje for kven ein behandlar i helsetruande naudssituasjonar og vert nytta om korleis ein prioriterer utifrå kvar medisinske ressursar kjem best til nytte, eller gjer det mest sannsynleg å oppnå overlevelse eller suksess.

Til utstillinga kan triage koplast til utvalsprosessen som kunstnarar går gjennom, frå byrjinga av den kunstneriske prosessen til presentasjon av det endelege resultatet. I tråd med dette har ein tradisjonell utstillingskatalog blitt bytta ut med ei samling plakatar, ein for kvar kunstnar, der motivet er henta frå prosessen. Plakatane er bunde og presentert som ei heilheit, men ein kan losne plakatane frå kvarande, arrangere dei på nytt eller skilje ut ein som sin favoritt. På denne måten kan publikum avgjere lage si eiga prioriteringsrekke og avgjere kva som skal løftast fram i ettertid.

Masterutstillinga 2017 opnar 7. april og er open til 7. mai. Utstillinga er stengt 14-17. april grunna påske.

Til toppen